Hopp til hovedinnhold

Sjølvråderett og avgjerdsstøtte

Eit verjemål avgrensar ikkje retten personen har til sjølv å bestemme over midlane sine og rettane sine. Slike avgrensingar skjer berre viss retten har vedteke å fråta personen hans eller hennar rettslege handleevne.

Verja kan gjere ting på vegner av personen, men skal ikkje gjere ting personen motset seg. Verja skal òg høyre synspunkta til verjehavaren før verja tek avgjerder av større betydning og der det elles er naturleg.

Samtalemetodikk

Med den andre FOR ØYE er ein formålsstyrt, prosessinndelt samtalemetodikk for å forstå den andres vilje og gjennom dette støtte personen i å ta gode avgjerder for eige liv.

Målet er å finne ut kva den andre vil og treng. For å finne ut det må du ha eit klart fokus og jobbe på ein måte som sørgjer for at den andre kjenner seg trygg og meistrande heile vegen. Du må tenkje på korleis du forheld deg til den andre under samtalen.

Alle verjer kan gjennomføre eit kurs i samtalemetodikk på *elæringsplattformen inne på Verjemåla mine.

Med arbeidsheftet "Med den andre FOR ØYE" får du kunnskap som vil gi deg større tryggleik, kompetanse og verktøy til bruk inn i samtalen med den andre. Trygge og kompetente verjer er eit mål for verjemålsforvaltninga.

Med den andre FOR ØYE - læringshefte, bokmål

Med den andre FOR AUGE - læringshefte, nynorsk

Nuppi VUHTIIVÁLDIN - læringshefte, nordsamisk

Seeingtheother_booklet.pdf

Pårørande og verje

Den du er verje for veljar sjølv kven som er nærmaste pårørande. Av og til kan verja òg få rolla som nærmaste pårørande. Hovudregelen er at personen sjølv avgjer om pårørande skal hjelpe når det blir gitt helse- og omsorgstenester.

Mange verjer er òg nærmaste pårørande for den dei er verje for og ein kan dermed hamne i situasjonar der ein må vere klar over kva rolle ein har. Dei to funksjonane har ulikt innhald og ulike rettar og pliktar.

Personvern

Kva er ei personopplysning?

Personopplysningar er alle opplysningar som direkte eller indirekte kan koplast til ein enkeltperson.

Døme på personopplysningar er namn, fødselsnummer, e-post- og bustadadresse. Også opplysningar om kjønn og alder kan i nokre tilfelle vere personopplysningar. Grunnen til dette er at slik informasjon indirekte kan identifisere nokon.

Personopplysningar blir delte inn i «særlege kategoriar» personopplysningar og ordinære personopplysningar. Særlege kategoriar personopplysningar er til dømes informasjon om helse og religiøs tilknyting. Slike opplysningar krev eit spesielt vern, og behandlinga av slik informasjon er derfor underlagd strengare reglar. Namn og adresse er typiske døme på personopplysningar som er ordinære. Opplysningane skal likevel oppbevarast og behandlast på ein trygg måte. Med behandling siktar ein til dømes til innsamling, lagring og utgiving av personopplysningar. Du kan lese meir om behandling av personopplysningar på Datatilsynets nettsider.

Kva er personvern?

Personvern handlar om retten til eit privatliv og retten til å bestemme over eigne personopplysningar. Når ein leverer frå seg personopplysningar til til dømes offentleg styresmakt eller ei verksemd, har ein rett til at desse opplysningane blir behandla i tråd med regelverket.

Kva er GDPR?

GDPR står for General Data *Protection *Regulation og er EUs regelverk på personvernområdet. GDPR blir òg kalla personvernforordninga. Forordninga blei vedteken i EU i april 2016, og blei gjeldande rett i medlemslanda i EU frå 25. mai 2018. Målet med forordninga er å sikre vern av personopplysningar, harmoniserte reglar i EU og EØS og fri utveksling av personopplysningar mellom EU og EØS-landa.

Den nye personopplysningsloven
tredde i kraft i Noreg 20. juli 2018, og gjeld både private og offentlege aktørar. I tillegg til å gjennomføre personvernforordninga i norsk rett gir loven ei rekkje føresegner som supplerer reglane i forordninga.

Personvernforordninga stiller krav til dei som behandlar personopplysningar, slik at opplysningane til dømes blir behandla korrekt og ikkje kjem på avvegar. Med «behandlar personopplysningar», meiner vi manuelle eller automatiske operasjonar, som til dømes innsamling, registrering, organisering, strukturering, lagring, tilpassing, endring, utlevering og sletting av personopplysningar.


Korleis påverkar GDPR verjemålsfeltet?

Gjennom GDPR er personvern likt regulert over heile EU/EØS. I tillegg til reglar om korleis personopplysningar skal behandlast, gir forordninga rettar til dei personopplysninga gjeld. Til dømes har den registrerte personen rett til å få vite kva opplysningar som er registrerte om han/henne (rett til innsyn), korleis dei blir behandla (rett til informasjon), rett til å få feilregistreringar retta (rett til retting) og så vidare.

I nokre samanhengar kan du òg ha rett til å få sletta opplysningar. Retten til sletting er likevel avgrensa i offentleg forvaltning, fordi vi er forplikta til å arkivere ei rekkje opplysningar etter arkivloven. I nokre samanhengar har du òg rett til «dataportabilitet». Dette betyr at du til dømes kan be om å få utlevert opplysningar om deg sjølv, og gjenbruke desse på tvers av ulike system og tenester. Vidare kan du i nokre samanhengar ha rett til å protestere på at personopplysningane dine blir brukte eller behandla.

Du kan lese meir om GDPR og kva rettar du har på Datatilsynets nettsider. Dersom du lurer på korleis Statens sivilrettsforvaltning behandlar personopplysningane dine, kan du lese om dette på nettsidene våre www.sivilrett.no.


Verksemdsvilkåret – kva inneber det?

Reglane i personvernforordninga gjeld mellom anna for verksemder. Om ei verje kan seiast å drive ei verksemd må vurderast i kvart enkelt tilfelle. For å avgjere dette, kan det vere relevant å sjå på kor mange oppdrag verja har, storleiken på verjegodtgjeringa, og om oppdraga er langvarige. Vidare er det relevant for vurderinga om verja er registrert i Brønnøysundregisteret og om han eller ho jobbar som verje på heiltid eller deltid.

Statens sivilrettsforvaltning er av den oppfatning at dei faste verjene, som har mange verjeoppdrag og til dømes er registrert i Brønnøysundregisteret, blir rekna som verksemder i personvernforordninga.

Dersom du er fast verje, og etter ei nærmare vurdering meiner du driv ei verksemd, har du sjølv ansvaret for å setje deg inn i personvernregelverket. Datatilsynets nettsider gir gode retningslinjer og råd for korleis du kan gå fram. Anten verjeoppdraget ditt blir rekna som verksemd eller ikkje når det gjeld GDPR, skal du du følgje personvernprinsippa. Vi har derfor laga ein kort artikkel om personvern med ei oversikt over noko av det du må kjenne til og vurdere når du behandlar personopplysningar som verje.