Hopp til hovedinnhold

Som verje har du vanlegvis krav på godtgjering for arbeidet du gjer som verje. Hovudregelen er at den som har verje dekkjer godtgjeringa. Du vil òg ha krav på å få dekt nødvendige utgifter du har hatt i tilknyting til verjeoppdraget.

Godtgjering

Vergene har vanlegvis krav på godtgjering / betaling / lønn for arbeidet som verje. Verjer for nærståande, vil berre ha krav på godtgjering i nokre få tilfelle. I vurderinga av om ei nærståande verje kan få godtgjering, vil statsforvaltaren leggje vekt på omfanget og varigheita til oppdraget. Som hovudregel får du godtgjering etter faste årlege satsar, og storleiken på godtgjeringa avheng av mandatet ditt og om du er alminneleg eller fast verje.

Alminneleg verje

Fast verje

Personlege interesser

Økonomiske interesser

Begge

Personlege interesser

Økonomiske interesser

Begge

2 000

3 500

4 000

4 500

7 500

10 000

Unntaksvis kan du få innvilga timegodtgjering. Du må då dokumentere at den faste årlege satsen ikkje gir god nok dekning. Du må òg dokumentere timeforbruket med detaljerte timelister. Timegodtgjering kan til dømes vere aktuelt i oppstartsfasen av eit verjemål, i oppdrag som har kort varigheit eller lite omfang, og i oppdrag med omfattande hjelpebehov. Timesatsen er 400 kroner for faste verjar og 200 kroner for alminnelege verjer. Dersom du meiner at du skal ha timegodtgjering bør du ta kontakt med statsforvaltaren før du utfører arbeidet.

Advokatar som er utnemnde i eigenskap av å vere advokat, og der oppdraget krev juridisk hjelp, blir godtgjorde time for time etter offentleg salærsats. Offentleg salærsats er den fastsette timeprisen som gjeld for offentleg utnemnde advokatar.

Du vil få godtgjeringa etter at arbeidet er utført, og du må sende søknad til statsforvaltaren om godkjenning av kravet om godtgjering. Hovudregelen er at den som har verje dekkjer godtgjeringa til verja. Dersom personen har inntekt som svarer det til som blir rekna som minstesats eller lågare, og formue under 50 000 kroner, dekkjer statsforvaltaren godtgjeringa.

Utgiftsdekning

Du vil òg ha krav på å få dekt nødvendige utgifter du har hatt i tilknyting til verjeoppdraget. Den faste satsen er sett til 1 000 kroner per år. Dersom du har utgifter som i vesentleg grad overstig den faste satsen for utgiftsdekning, kan du sende ein søknad til statsforvaltaren om å få dekt desse.