Hopp til hovedinnhold

Vi jobbar med nye digitale verjefullmakter som skal kunne brukast til digital identifisering, og gjere det mogleg for ei verje å bruke digitale sjølvbeteningsløysingar på vegner av personen hen er verje for.

I dagens papirfullmakter står det kva tenesteområde verja har fullmakt på. Kvart tenesteområde som er angitt i fullmakta har eit definert innhald og ei definert avgrensing, noko som bestemmer kva slags tenester verja skal ha tilgang til på vegner av den andre personen.

Nyare papirfullmakter har ein kode som gir tilgang til ei netteneste som gir stadfesting på at fullmakta er gyldig og gjeldande. Det står òg informasjon om kva nettside ein går inn på for å stadfeste gyldigheita av fullmakta, og korleis ho blir brukt.

Du kan sjå kva tenesteområda på verjefullmaktene inneber på vår side om fullmaktstekst.