Verjerapport (tidlegare verjerekneskap) for 2024
Verjer med rapporteringsplikt (tidlegare rekneskapsplikt) skal sende inn verjerapport for dei eigedelane som blir forvalta i sitt eller verjeoppdraga sine til statsforvaltaren.
I 2025 skal du som verje med rapporteringsplikt innan 30. april for kvart verjemål med rapporteringsplikt sende inn:
Fullstendigheitserklæring (årleg erklæring om rekneskap og formuesforvaltning) (GA-8042)
Hugs å:
- hjelpe den du er verje for med skattemeldinga for 2024 før du fyller ut fullstendigheitserklæringa. Informasjon som er relevant for tilgang, utfylling og innsending av skattemeldinga finn du på www.skateetaten.no
- svare på alle punkta, elles blir ikkje fullstendigheitserklæringa godkjend.
- signere med dato og underskrift viss du må sende inn fullstendigheitserklæringa på papir.
Kontoutskrifter
For den perioden du har vore verje mellom 01.01.24 til 31.12.2024 skal du sende kopi av alle månadlege kontoutskrifter for alle kontoar du har disposisjonsrett til i verjemålet.
Hugs at:
- du skal sende inn kontoutskrifter for alle månader du har vore verje i perioden 01.01.24 til 31.12.24, sjølv om det ikkje har vore rørsler på kontoen eller du som verje har brukt kontoen. Alternativt må du leggje fram dokumentasjon frå bank på at det ikkje har vore rørsler på konto.
- kontoutskriftene skal sendast i banken sitt eige format, slik du tek imot det frå bank/hentar frå nettbank. Du kan ikkje kopiere utskriftene til Word, Excel o.l.
- det ikkje er tilstrekkeleg å sende inn transaksjonsoversikt frå konto/nettbank.
- dersom teksten ikkje forklarer kva transaksjonen gjeld, skal du skrive ei forklaring tydeleg på kontoutskrifta. Alle kontantuttak må forklarast. Du kan eventuelt nytte kommentarfeltet i fullstendigheitserklæringa, eller leggje ved forklaring på eige ark. Det er viktig at transaksjonar på kontoutskriftene blir gjorde forståeleg for Statsforvaltaren og revisor, slik at det kjem fram kva midlane er nytta til.
- Vi minner om at verjehavars inntekter skal innbetalast til konto i verjehavars namn, og ikkje til kontoen til verja, bufellesskap, eller andre.
Slik sender du inn dokumentasjonen
Statsforvaltaren føretrekkjer digital innsending, og oppmodar alle verjer til å sende inn verjerapporten via Altinn.
I Altinn fyller du ut skjema for Fullstendighetserklæring (Årleg erklæring om rekneskap og formuesforvaltning) og legg ved aktuelle vedlegg.
Nytt din eigen elektroniske ID ved innsending av verjerapporten og ikkje ID til den du er verje for.
Send inn verjerapport via Altinn først når alle aktuelle dokument og vedlegg ligg føre og nytt korrekt kategori for vedlegga du legg ved.
Mangelfull levering av verjerekneskap innan fristen kan få konsekvensar for vervet ditt som verje.
Annan informasjon
- Ei verje skal som hovudregel ikkje disponere meir enn inntil 248 056 kroner (tilsvarande 2G) på vegner av person med verje. Overskytande skal overførast til ein kapitalkonto som Statsforvaltaren skal forvalte på vegner av personen. For nærmare informasjon om dette kontakt Statsforvaltaren.
- Verjer med rapporteringsplikt, skal oppbevare alle kvitteringar og bilag knytte til verjemålet i minst tre år. Kvitteringar og bilag skal ikkje sendast til Statsforvaltaren.
- Eventuelle søknader om Statsforvaltarens godkjenning, oppmodingar, honorarkrav eller anna, må du sende i separat sending – og ikkje leggje ved verjerapporten.
Dersom du har spørsmål, kan du kontakte statsforvaltaren din.
Skattemeldinga til verja
Følgjande informasjon kjem frå Skatteetaten, og dersom du har spørsmål til noko av dette, kan du vende deg til Skatteetaten gjennom Skriv til oss - Skatteetaten.
Hugs å skrive kven du vender deg på vegner av.
Informasjon om skattemeldinga du skal levere for personen du er verje for, kan du sjå på eige punkt lenger ned.
Alminnelege verjer
Godtgjøring som ikkje overstig 6 000 kroner i løpet av eit inntektsår er skattefrie. Beløpsgrensa gjeld uavhengig av kven som dekkjer godtgjeringa. Dersom du har fleire verjeoppdrag som blir dekte av same statsforvaltar, gjeld beløpsgrensa for den samla godtgjeringa frå denne statsforvaltaren. Viss godtgjeringa er høgare enn beløpsgrensa er heile beløpet skattepliktig som lønn. Dekning av utgifter er ikkje skattepliktig for verjer som ikkje er næringsdrivande.
Døme 1: Eitt oppdrag – faste satsar
Kari er verje for Per. Mandatet er varetaking av både økonomiske og personlege interesser. Kari får godtgjering med fast sats som alminneleg verje (4000 kroner per år). I tillegg tek ho imot utgiftsdekning med fast sats (1000 kroner per år).
• Viss Per betaler utgiftene til verje:
Inntekta er skattefri for Kari. Ho skal ikkje føre opp motteken godtgjering eller utgiftsdekning i eiga skattemelding. Per har rett til frådrag for utgiftene han har betalt for verje (til saman 5000 kroner). Som verje må Kari føre opp dette i Pers skattemelding.
• Viss statsforvaltaren betaler utgiftene til verje:
Inntekta er skattefri for Kari. Viss godtgjeringa likevel er førehandsutfylt som lønn i Karis skattemelding, må ho stryke denne og levere skattemeldinga.
Døme 2: To oppdrag – faste satsar
Kari er verje for Per og Pål. Mandatet i begge saker er varetaking av både økonomiske og personlege interesser. Kari får fast sats som alminneleg verje for godtgjering (til saman 8000 kroner per år) og utgiftsdekning (til saman 2000 kroner per år).
• Viss Per og Pål betaler utgiftene til verje:
Inntektene er skattefrie for Kari, fordi årleg godtgjering ho får frå Per ikkje overstig 6 000 kroner og årleg godtgjering ho får frå Pål ikkje overstig 6 000 kroner. Ho skal ikkje føre opp motteken godtgjering i eiga skattemelding. Per og Pål har rett til frådrag for utgiftene dei har betalt for verje (5000 kroner kvar). Som verje må Kari føre opp det som er betalt i høvesvis Per og Pål si skattemelding.
• Viss statsforvaltaren i fylket betaler utgiftene til verje:
Godtgjeringa blir skattepliktig for Kari som lønn, fordi samla utbetaling av godtgjering frå same statsforvaltar overstig beløpsgrensa på 6 000 kroner. Beløpet – 8 000 kroner i dette dømet – er normalt førehandsutfylt i skattemeldinga (Under Arbeid, trygd og pensjon). Sidan Kari blir rekna som lønnsmottakar, og ikkje næringsdrivande, er utgiftsdekninga som ho har fått (2000 kroner) ikkje skattepliktig.
Døme 3: Eitt oppdrag - time for time
Kari er verje for Per. Per har omfattande hjelpebehov og Kari har avklart med Statsforvaltaren at oppdraget skal godtgjerast time for time. I løpet av inntektsåret har Kari fått utbetalt 8 000 kroner i godtgjering. I tillegg har ho teke imot dekning av faktiske, dokumenterte utgifter.
• Viss statsforvaltaren betaler godtgjering og utgiftsdekning:
Godtgjeringa blir skattepliktig for Kari som lønn, fordi samla utbetaling av godtgjering frå statsforvaltaren overstig beløpsgrensa på 6 000 kroner. Beløpet – 8 000 kroner i dette dømet – er normalt førehandsutfylt i skattemeldinga (Under Arbeid, trygd og pensjon). Utgiftsdekninga er ikkje skattepliktig inntekt sidan Kari ikkje er næringsdrivande.
• Viss Per betaler utgiftene til verje:
For Kari blir motteken godtgjering skattepliktig som lønn. Per blir rekna som privat arbeidsgivar, men blir i utgangspunktet ikkje pliktig til å betale arbeidsgivaravgift. Som verje må Kari på vegner av Per rapportere godtgjeringa som lønn i A-meldinga (A04), før utbetalinga blir gjord. For å levere denne må Kari representere Per i Altinn, velje "nytt skjema", søkje opp "A04", gå til skjemautfylling og rapportere lønna til arbeidstakar (Kari) og innbetale forskotstrekk (bereknast i sjølve A-meldinga) frå verjekontoen. Netto godtgjering etter skattetrekk blir utbetalt frå verjekonto til verje. Det er berre godtgjeringa som skal rapporterast som lønn. Utgiftsdekninga skal ikkje rapporterast i A-meldinga (utgiftsdekninga er ikkje skattepliktig for Kari sidan ho ikkje er næringsdrivande).
Faste verjar
Faste verjer har mange oppdrag og blir rekna som næringsdrivande. All godtgjering og utgiftsdekning tent opp gjennom året er skattepliktig som verksemdsinntekt.
Næringsdrivande verjer har rett til frådrag for kostnader pådrege i samband med utøving av verksemda, sjå skatteetaten.no/fradragsveiviser.
Skattemelding for næringsdrivande må leverast innan 31. mai, og ho må leverast i Skatteetatens elektroniske leveringsløysing.
Nærmare informasjon om leveringsløysing finn du på skatteetaten.no/skattemeldingbedrift.
Skattemelding for den du er verje for
Informasjonen på denne sida kjem frå Skatteetaten, og dersom du har spørsmål til noko av dette, kan du vende deg til dei gjennom Skriv til oss - Skatteetaten. Hugs å skrive kven du vender deg på vegner av.
Informasjon om skattemeldinga for deg som er verje kan du lese over.
Generelt om skattemeldinga 2024
Skattemeldinga for 2024 blir tilgjengeleg via skatteetaten.no i perioden 13. mars – 4 april. Skattemeldinga skal vere tilgjengeleg for alle elektronisk 4. april.
Skatteetaten har teke i bruk dei digitale verjefullmaktene for tenesteområdet "skatt". Det betyr at verje med dette tenesteområdet automatisk har tilgang til verjehavars skattemelding og andre skattedokument digitalt.
Sjå òg informasjon her Få tilgang til andres skatteforhold - Skatteetaten
Skattemeldingen er førehandsutfylte, men ikkje nødvendigvis ferdigutfylte. Verge må kontrollere om verjehavars opplysningar røystar og er fullstendige. Ver merksam på at når livet endrar seg vil ofte òg skatten endrast, sjå skatteetaten.no/livsendringer.
Personar som sjølv betaler verja har rett til frådrag
Når det er verjehavar sjølv (ikkje Statsforvalter) som har betalt godtgjering og utgiftsdekning til verje, har verjehavar rett til frådrag for utgiftene i skattemeldinga. Beløpet er ikkje førehandsutfylt. Verge må derfor endre og levere skattemeldinga for verjehavar innan fristen 30. april. Frådragsgodkjent beløp er summen verjehavar betalte til verje i 2024.
Ved levering via skatteetaten.no søkjer ein etter Verge i søkjefeltet, går til kortet for Kostnader til godtgjersle og kostnadsdekning til verje og fyller ut beløp, kven det er betalt til og årsak til endring.
Dersom det er bytt verje i løpet av året og/eller er betalt til mellombels verje, vil det vere opplysande for Statsforvalter at det i verjehavars skattemelding blir skrive kva beløp som gjeld kva verje og for perioden det er betalt for. Teksten skriv du inn som beskrive ovanfor.
Ingen endringar - inga pliktig levering
Dersom det er Statsforvalter som har betalt godtgjering og utgiftsdekning til verje, og verje har sjekka og funne at dei førehandsutfylte opplysningane i verjehavars skattemelding er fullstendige og korrekte, treng verje ikkje å levere verjehagars skattemelding. Vel ein å ikkje levere, vil verjehavar ikkje få høve til å få skatteoppgjeret før tidlegast i juni.
Slik legg du til betalt verjegodtgjersle i skattemeldinga til den du er verje for
1. Søk etter «Verje»
2. Vel Kostnader til verjegodtgjersle
3. Korta «Kostnader til verjegodtgjersle» dukkar opp
4. Skriv inn kven det er betalt til
5. Skriv inn beløp
6. Oppgi årsak til endring
7. Trykk OK
8. Sjekk at beløpet har komme til med i skattemeldinga