Hopp til hovedinnhold

Det er viktig at personar som har verje kan kjenne seg trygge på at pengane ikkje blir misbrukte. Økonomiforvaltninga i verjemålssystemet har derfor innebygd visse kontrollmekanismar. Pengane blir fordelte på tre kontotypar.

Kontotype 1: Brukskonto

Den som har verje disponerer sjølv kontoen, og verja har ikkje disposisjonsrett til denne kontoen. På grunn av dette har verja heller ikkje rekneskapsplikt for denne kontoen.

Kontotype 2: Verjekonto

Vergekontoen er ein konto som verja disponerer dersom mandatet seier at verja har ansvar for ulike økonomiske forhold. Kontoen skal stå i namnet til personen som har verje, og verja skal disponere kontoen i tråd med ønska til denne personen.

Kontoen skal brukast til løpande utgifter og inntekter for personen som har verje. Dette kan vere inntekter som lønn, trygd, pensjon, leigeinntekter, renteinntekter osb. Utgifter kan vere buutgifter og andre utgifter til livsopphald.

Verja har rekneskapsplikt for verjekontoen. Det vil seie at verja må sende inn årleg verjerekneskap til statsforvaltaren som viser korleis hen har disponert pengane.

På verjekontoen kan det stå maksimalt 2 gonger grunnbeløpet i folketrygda (G). Grunnbeløpet er eit tal som blir oppdatert 1. mai kvart år og blir bestemt av Stortinget etter trygdeoppgjeret.

Kontotype 3: Kapitalkonto

Når den som har verje har pengar utover 2G skal verja normalt saman med personen velje ein eller fleire bankar der det skal opprettast ein kapitalkonto for plassering av pengane.

Verja har ikkje disposisjonsrett på kapitalkontoen, det er det berre statsforvaltaren som har.

Pengane blir plasserte i bestemde bankar som er godkjende for dette. Oversikt over godkjende bankar finn du på Bankportalen.

Statsforvaltaren må godkjenne uttak og eventuelle omplasseringar av pengar frå kapitalkontoen.

Slik kan du bruke av pengane som statsforvaltaren forvaltar

Når du har midlar, som vi forvaltar, og du og din(e) verje(r) ønskjer å bruke midlane dine, kan din(e) verje(r) sende søknad om å bruke kapitalen din til oss.

Kven skal sende inn søknaden?

Det er ofte den eller dei som har foreldreansvaret for deg som er din(e) verje(r). Det vil normalt vere foreldra dine.

Vi samtykkjer som hovudregel berre til at kapitalen din kan brukast på utgiftene dine. Vi vil vurdere om det er i di interesse å bruke kapital.

Det er din(e) verje(r) som handlar på dine vegner i økonomiske spørsmål. Derfor er det i utgangspunktet verja(e) som søkjer om å bruke kapital på vegner av deg. Men du kan òg sende oss ein søknad sjølv.

Kva skjema skal du bruke?

Kva bør søknaden innehalde?

Viss fleire skal samtykkje til søknad, sjå meir om dette nedanfor, tilrår vi at papirskjema blir fylt ut og lagde ved elektronisk søknad.

  • Informasjon om at du er høyrd og kva som er di meining.
  • Viss du er over 12 år, krev vi som hovudregel at du samtykkjer skriftleg. Samtykket skal vere underskrive av deg, og du må skrive kva beløp du ønskjer utbetalt og kva du vil bruke pengane på.
  • Du kan snakke med oss viss du ønskjer det eller vi meiner det er nødvendig for å opplyse saka på ein god måte.
  • Viss du er usamd i din(e) verje(r)s ønske, kan du be oss om å treffe ei avgjerd i saka.
  • Skriftleg samtykke frå din(e) verje(r).
  • Viss du har to foreldre med felles foreldreansvar for deg, treng vi samtykke frå begge. Dette fordi foreldra dine handlar i fellesskap på dine vegner. Viss berre ein av foreldra dine har foreldreansvaret for deg, treng vi berre samtykke frå den som har det.
  • Samtykket skal vere underskrive og det må stå søknadsbeløp og ha midlane skal brukast til.
  • Gyldig legitimasjon på deg, og din(e) verje(r).
  • Legitimasjon kan til dømes vere pass eller førarkort. Slik legitimasjon blir berre send inn éin gong.
  • Eit kontonummer i ditt namn som midlane skal utbetalast til.
  • Viss din(e) verje(r) ikkje har lagt ut for utgiftene dine, må din(e) verje(r) leggje ved eit kontonummer i ditt namn. Verja(e) må dokumentere at du er eigar av kontoen. Dette kan gjerast ved å sende inn kontoutskrift, stadfesting frå banken eller skjermbilete frå nettbank.
  • Søknadsbeløp og informasjon/dokumentasjon på kva du ønskjer å bruke midlane på.
  • Viss det er fleire utgifter, bør din(e) verje(r) spesifisere med beløp.
  • Vi kan krevje at din(e) verje(r) dokumenterer at midlane har blitt brukte på utgiftene dine. Vi oppmodar derfor til å sende inn dokumentasjon på utgiftene samtidig med søknad. Det kan til dømes vere kvittering eller faktura. Viss din(e) verje(r) ikkje kan dokumentere utgiftene på søknadstidspunktet, oppmodar vi til at han/ho/dei sender inn pristilbod.

Søknaden din er godkjend. Kva no?

Viss søknaden din blir godkjend vil pengane som hovudregel blir utbetalt til ein konto som tilhøyrer deg.