Spørsmål:
Kva skal ein verje gjere for å bestille ein kopi av skattemeldinga til personen med verje?

Svar:
Verjen bør:

- Gå til www.skatteetaten.no/rf1306
- Vel "Opne kontaktskjema" - Logg inn som deg sjølv - Vel tema = Skattemeldinga
- Fyll inn inntektsår ) 2019 (svar nei på spørsmål kring saksnummer)
- Fyll inn overskrift: Verje - bestilling av skattemelding
- Skriv inn følgjande tekst: På vegne av person mer verje XXXXXXXXXXX bestillast skattemeldinga for 2019 (OBS: Viktig at føldselsnummeret til personen med verje skrivast som 11 samanhengjande siffer)
- Gå til Oversikt - Skjema og vedlegg - legg med vergemålsfullmakta
- Trykk kontroller skjema, kvitter ut - Trykk på vidare til signering. Sjekk at vedlegget vart registrert
- Trykk signer og send inn

Du må rekne med noko behandlingstid sidan det er begrensa med kapasitet til å handtera dette frå hjemmekontora.

Om du er verje for fleire personar, må du sende ein ny bestilling for kvar person med verje. Det er nokre begrensingar i løysinga, som gjer at ein berre kan sende eitt vedlegg for kvart svar.

Skattemelding 2019_e.png

Spørsmål:
Kor skal ein skrive inn frådrag for verjegodtgjeringa i den nye skattemeldinga, når det er personen med verje sjølv som utbetaler godtgjeringa?

Svar:
Den gamle versjonen av skattemeldinga har ein eigen post der ein kan skrive inn frådrag for verjegodtgjering. Den nye skattemeldinga har ikkje ein eigen post, men er delt inn i tema. Under temaet kostnadar og frådrag knytt til arbeid og andre inntekter, ligg «Dine kostnadar». Klikk «Endre» og «Legg til fleire opplysingar».

Trykk «Verjegodtgjering» i nedtrekkmenyen og legg inn beløp til frådrag. Verjegodtgjeringa visast i endra skattemelding som «andre frådrag» og kjem som eit tillegg til minstefrådraget (sjå eksempel i utklipp frå ny skattemelding under).

Skattemelding 2019_a.jpg

Skattemelding 2019_b.jpg

Skattemelding 2019_c.jpg

Skattemelding 2019_d.jpg

Spørsmål:
Kor finns ei utskriftsvennleg utgåve av skattemeldinga som rekneskapspliktige verjer kan sende til fylkesmannen som ein del av verjerekneskapet for 2019?

Svar:
Skatteetaten seier at alle skattepliktige vil få tilgang til den ordinære skattemeldinga i PDF-format i Altinn etter 31. mars. I Altinn kan båe førehandsutfylt og korrigert skattemelding hentast ut og leverast som ein del av verjerekneskapet.