Fylkesmannen granska i 2019 om nokon hadde eit alminneleg verjemål utan at dei ville det. Dei sende ut brev til personane med verje som var registrert som ikkje samtykkjekompetent. Rapporten som i dag blei publisert redegjer for prosessen og resultatet av gjennomgongen innan 31. desember 2019.

Av dei om lag 17.000 personane med verje som fekk brev, ga 403 personar melding om at dei ikkje ynskte verjemålet. Gjennom 2019 blir 255 av verjemåla avslutta, og 138 verjemål fortsatte sjølv om fylkesmannen fekk melding om at verjemålet ikkje var ynskt. Det er fleire årsaker til det. I nokre tilfelle hadde personen med verje ombestemt seg og ynskjer verjemålet likevel. I andre tilfelle hadde ikkje verjehaveren forstått innhaldet i brevet. Det var også nokre situasjonar kor påprørande ynskte å avslutte verjemålet, men ikkje personen med verje sjøl. Ved nyttår var 10 saker fortsatt til vurdering.

Gjennomgongen har gjort at personar som har meldt at dei ikkje ynskjer verjemål har fått vurdert saka si. Fylkesmannen har granska om tilbakemeldinga skyldast eit reelt ynskje frå personen med verje, eller om det skyldast ei misforståing eller er eit uttrykk for meininga til andre personar. Det har gitt auka rettstryggleik for peronane med verje ved at vanlege verjemål skal vere frivillege. I nokre tilfelle der personen ikkje ynskte verjemål har frataking av rettslig handdleevne vore aktuelt. Sakene har da blitt tatt for domstolen. Det gir auka rettstryggleik for personane ved at domstolane kan avgjere om saka er lovleg.

Les heile rapporter her.