Statens sivilrettsforvaltning ønskjer å auke graden av digitalisering, og i år er det ekstra bra for fylkesmannen om du hjelper med det. Ikkje berre hjelper du fylkesmannen, men det aukar også sjansen for at meldinga di kjem fram raskt, og at du får eit raskare svar. 

Lenke til dei ulike skjemaa finn du på vergemal.no. Om du ikkje finn noko anna som passar, kan du bruke skjemaet "Melding til fylkesmannen". Verjerekneskapet finn du som "Fullstendighetserklæring". Send inn skjemaa på Altinn, i staden for å printe dei og sende i post.

Legg ved alle vedlegga som du skal. Sjå meir informasjon og korleis du fyller ut verjerekneskapet på www.vergemal.no/vergeregnskap. Verjer som er rekneskapspliktig kan også gå inn direkte via www.altinn.no og velje temaet «Vergemål» under «Skjema og tjenester».

Viktig å hugse når du sender inn via Altinn:

  • Bruk din eigen elektroniske ID ved innsending av verjerekneskapet og ikkje ID til den du er verje for.
  • Send inn komplett verjerekneskap på Altinn når du har alle dokument og vedlegg. Bruk rett kategori for vedlegga. Om du legg alle vedlegga på samme kategori kan du få purring på at innleveringa manglar noko.
  • Ved innsending via Altinn skal du ikkje sende kopi på papir. 

Verjer med rekneskapsplikt skal sende inn verjerekneskapet for 2019 innan 30. april 2020.